Avtaleverk ved Vestlandsforsking
Ein lokal særavtale legg føringar for arbeidsvilkåra ved Vestlandsforsking.
Forskarforbundet ved Vestlandsforsking inngjekk i 2013 ein særavtale med Stiftinga Vestlandsforsking. Denne utfyller den sentrale overeinskomsten mellom dei nasjonale organisasjonane Forskerforbundet og NHO Abelia.
Vestlandsforsking skal sjå til Statens personalhandbok ved handtering av spørsmål som ikkje er omhandla i overeinskomsten/hovudavtalen eller særavtalen.