Forskerforbundet ved Vestlandsforsking
![20230926_181313(0) Local-team Image](https://www.forskerforbundet.no/lokallag/vestlandsforsking/_/image/962c116b-bc4b-4551-8d30-20e8e9d9b4dd:db56c339d1e281b57d59abd6a34557dcb3b1fc42/-1-1/20230926_181313(0).jpg)

Ved Vestlandsforsking er eit fleirtal av dei tilsette organiserte gjennom Forskarforbundet.
Vestlandsforsking utfører forsking på tre hovudområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Forskinga er tverrfagleg, og dei fleste oppdraga kjem frå det offentlege, men òg næringslivet. Instituttet har eksistert sidan 1985 og ligg i Sogndal.
Talet på tilsette, inkludert både fagtilsette og administrasjon, ligg litt på 35-40. Tre firedelar av forskarane er medlemmer av Forskarforbundet. Instituttet har òg tilsette som er medlemmer i andre fagforeiningar. Lokallaget ved Vestlandsforsking har eit styre på 4, pluss ein vara.
Den tillitsvalde ved Vestlandsforsking er òg leiar i Forskarforbundet ved Vestlandsforsking. Dei tilsette ved Vestlandsforsking (allmøte) vel ein representant i instituttet sitt styre, som til saman har sju medlemmer.