Høyringsfråsegn frå Forskarforbundet til forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Forskarforbundet viser til høyringsbrev av 30. juni, med forslag til endringar i opptaksforskrifta. Innleiingsvis vil Forskarforbundet understreke at det bør vere tydeleg kven som har ansvar for unnatak frå ordinært opptak til høgre utdanning. Vi  synes derfor det er uheldig at handsaminga frå Kunnskapsdepartementet og Unit (direktoratet) blir presentert  i ei felles høyring. Det bidrar ikkje til den ønska klarheita med omsyn til ansvaret.  

Forskarforbundet støtter forslaga frå Kunnskapsdepartementet til endringar i kapittel 3 og kapittel 4. Vi støttar vidare dei vurderingane Kunnskapsdepartementet har gitt knytt til einskilde forslag som ikkje er tekne med i høyringsnotatet.

Når det gjelder forslag til endring i kapittel 6, Politiattest ved opptak til høgre utdanning, etterlyser Forskarforbundet ei nærmare grunngjeving for forslaget frå KD. Vi har stor forståing for at det er naudsynt med tiltak slik at studentar ikkje vert utestengt frå praksis grunna omstende vedkommande ikkje rår over. Vi deler samstundes Unit si bekymring for at omfanget av unnatak frå § 6-6 (1) vil auke som følgje av lågare kapasitet hos politiet under koronapandemien.

I fråsegna til Unit foreslår dei at studiestadane må varsle praksisstadane om studentane ikkje har lagt fram politiattest. I høyringsforslaget frå KD er det utan ytterlegere grunngjeving, foreslått at slik varsling skal skje «(…) slik at praksisstaden kan ta naudsynte forhandsreglar». Forskarforbundet meiner ein slik formulering skaper usikkerheit rundt kva slags ansvar praksisstaden faktisk har, og uklarheit om kva «naudsynte forhandsreglar» inneber. Vi foreslår å stryke dette siste tillegget, slik at ny siste setning i § 6-6 (2) blir: «Studiestaden må varsle praksisstaden om studentar som får delta i praksis etter andre ledd, utan å ha lagt fram politiattest».  

Med venleg helsing
Forskarforbundet

Guro Elisabeth Lind
Leder

Hilde Gunn Avløyp
Generalsekretær