Høyring Forslag til endringar i helselovgivinga (organisatoriske endringar i sentral helseforvaltning mv.)

Forskerforbundet viser til høyringsnotat frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) om lov- og forskriftsendringar i samband med omorganiseringa av den sentrale helseforvaltninga. Forskerforbundet har kring 500 medlemmer i dei forvaltningsorgana som omfattast av den omorganiseringa som ligg til grunn for dei lov- og forskriftsendringane som nå er på høyring. Forbundet og våre tillitsvalte har ei rekkje kritiske merknader til Helse- og omsorgsdepartementet sin handsaming av denne saka.

Forhasta høyring

Forskerforbundet meiner at ein revisjon av lovverket bør vente til etter ei endeleg avklaring om oppgåvefordelinga mellom etatane. Høyringsnotatet om lovendringane viser til teksten i revidert nasjonalbudsjett (RNB) og inneheld konkrete forslag til operasjonalisering av dei organisatoriske endringane i den sentrale helseforvaltninga. Etter det vi erfarer er det framleis mange uavklarte spørsmål i samband med denne omorganiseringa. I mandatet til gjennomføringsprosjektet, datert 22. juni 2023, står det blant anna at prosjektet si oppgåve er å «[u]tarbeide detaljert beskrivelse av endringene som skal iverksettes, herunder grenseoppgang mellom berørte etater og mellom etatene og departementet». Forskerforbundet meiner HOD, ved å sende forslag til endringar i lovar og forskrifter på høyring parallelt med arbeidet i gjennomføringsprosjektet, forskutterar avgjerer i ein omstillingsprosess som ikkje er endeleg landa.

Etter det Forskerforbundet er kjend med har ikkje etatane vore inkludert i arbeidet med forslag til endringar i lovtekst i forkant av høyringa, og leiinga av etatane var heller ikkje gjort kjend med publisering av høyringa før den blei sendt ut.

Manglande medverknad

Organiseringa av helseforvaltninga er avgjerande for både folkehelse og samfunnsberedskap. Det var derfor fornuftig at det blei sett i verk ein gjennomgang av oppgåver og ansvar med tanke på å oppnå ein formålstenleg og effektiv forvaltning (jamfør prosjektet Gjennomgang av organisering, roller og ansvar i sentral helseforvaltning).

Dessverre valde HOD å organisere dette i eit lukka prosjekt, der ein ikkje har dratt vekslar på dei faglege ressursane som ligg i etatane, og der det har vore svært avgrensa medverknad fra dei som representerer dei tilsette. Dette til tross for at det er eit godt lokalt tillitsvaldapparat til stades i alle etatane. Det er eit paradoks at nettopp denne regjeringa som har lansert ein tillitsreform i offentleg sektor der medråderetten er heilt sentral, gjennomfører ei omstilling utan reell involvering av dei tilsette. For Kreftregisteret har det vore ein total mangel på involvering. Etter det Forskerforbundet kjenner til, var verken leiinga i Kreftregisteret, Oslo Universitetssjukehus (OUS) eller Helse Sør-Øst eller dei tilsette ved Kreftregisteret orientert om forslaget om å flytte registeret til Folkehelseinstituttet (FHI), før det blei fremma i RNB den 11. mai. Forskerforbundet meiner det er uforsvarleg å flytte Kreftregisteret frå OUS til FHI utan ei grundig konsekvensutgreiing.

Under vegs i prosessen med gjennomgang av helseforvaltninga, utarbeidde prosjektet fleire delrapportar i tillegg til den endelege sluttrapporten som HOD tok i mot i mars. Fagmiljøa fekk aldri moglegheit til å kommentere på prosjektet sine rapporter og forslag til endringar i forvaltninga. I sluttrapporten frå prosjektet, som ikkje er offentleggjort, står det eksplisitt at: «Prosjektets rapport er et internt arbeidsdokument og bør ikke offentliggjøres. Imidlertid bør HOD utarbeide en sluttrapport med beskrivelse og begrunnelse av forslagene som kan brukes som en del av det videre arbeidet, og eventuell offentliggjøring».

Det er godt innarbeidd i Noreg at politiske avgjerder ikkje blir tatt utan at dei som sakane kjem ved får moglegheit til å bli høyrt. Høyringsinstituttet bidrar til å opplyse ein sak, lar ulike interessegrupper få moglegheit til å ytre si meining, gir offentlegheita innsyn og sikrar at dei som skal fatte politiske avgjerder er kjende med synspunkta til dei som blir ramma av tiltaka. Sluttrapporten frå Røttingen med forslag til endringar i organiseringa av den sentrale helseforvaltninga, gir store endringar for mange tilsette, og burde ha vore send på høyring, jamfør utgreiingsinstruksen kapittel 3-3, der det står at «Offentlige utredninger, forslag til lov og forskrift og forslag til tiltak med vesentlige virkninger skal normalt legges ut på høring». Forskerforbundet meiner HOD her har brote med utgreiingsinstruksen.

Forskerforbundet meiner vidare at HOD har gått bort frå eit viktig prinsipp ved den norske modellen når dei tilsette verken fekk kjennskap til forslagene eller moglegheit til å kommentere og gi innspel til sluttrapporten i prosjektet, før myndigheitene fatta sine avgjerder.

Forslaga til endringar i lov og forskrifter

Dei foreslåtte lovendringane gir vesentlege endringar i oppgåver og ansvar mellom etatane. Forskerforbundet meiner høyringsnotatet i liten grad grunngjev endringane, og vi saknar ei betre utgreiing av konsekvensar og moglege risikomoment som følgjer av endringane. Dette gjeld blant anna spørsmål knytt til å oppretthalde fagleg uavhengigheit i samband med statistikkproduksjon og uavhengigheit mellom myndefunksjon og tilsynsfunksjon.  Forskerforbundet meiner HOD har oversett kompetanseflukt som ein risiko, og at konsekvensane kan bli at ansvarsområda til helseforvaltninga blir dårlegare ivaretatt, både innan smittevern og beredskap, og på folkehelsefeltet.

Forskerforbundet saknar også ei betre grunngjeving og vurdering av forslaga om å ta oppgåver for Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet ut av lovtekster og forskrifter, og erstatte det med instruksar og andre verktøy i etatsstyringa.

Økonomiske og administrative følger

HOD skriv at endringane i organisering, roller og ansvar skal gjennomførast innanfor ei uendra samla budsjettramme. All erfaring tilseier at omstillingar av den storleiken vi her taler om, er ressurskrevjande. Forskerforbundet meiner at dei foreslåtte endringane i helseforvaltninga er såpass store at dei vanskeleg kan gjennomførast innanfor gjeldande budsjettrammer utan betydelege kutt i andre aktivitetar og budsjettpostar. Forskerforbundet forventar at myndigheitene kompenserer dei økonomiske kostnadene knytt til dei organisatoriske endringane.

Med vennleg helsing

Guro Elisabeth Lind
Leder

Birgitte Olafsen
Generalsekretær